Fakta om Stordal

 
  I 2008 var 25% av innbyggarane i Stordal mellom 0 og 17 år, og 5,8% var over 80 år. For heile Norge var desse prosentane 23,0 og 4,6.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 23.09.2016
Møtebok

Det vert halde formannskapsmøte på kommunehuset onsdag 28. september 2016.
Møtetidspunkt:  kl.17:00.

Saksdokumenta kan du lese her

Publisert 14.09.2016
Logo NAV Storfjorden




OPNINGSTIDER NAV STORFJORDEN

Nav Storfjorden, Stordal (1526):       Måndag kl 10-15
Nav Storfjorden, Ørskog (1523):       Måndag og onsdag 10-15
Nav Storfjorden, Norddal (1524):      Onsdag kl 10-15
Nav Storfjorden, Skodje (1529):        Måndag, onsdag og fredag kl. 10-15

Innyggjara som soknar til NAV Storfjorden, kan nytte seg av alle publikumsmottaka våre.
Vi gjennomfører timeavtalar også utanfor ordinær opningstid.

Du kan henvende deg til NAV kontaktsenter telefon 55 55 33 33 eller ved å skrive til oss via "Ditt nav" på www.nav.no


Publisert 18.08.2016
Integreringskonferansen 2016

Tysdag 27. september blir det arrangert Integreringskonferanse i Storfjord kulturhus på Stranda. Målgruppa for konferansen er tilsette i kommunane, politikarar, ungdomsråd, lag og organisasjonar, samt det lokale næringsliv. 

Publisert 10.08.2016
Bilde Sandfjellet

Friluftsrådet kan igjen presentere eit nytt Naturlos-program. Her finn du oversikt over ei rad ulike turar og arrangement i friluftsrådet sine medlemskommunar for hausten 2016.

Publisert 28.07.2016
Mat

Innovasjon Norge inviterer til designkurs for bedrifter som tilbyr matopplevingar.

Kurset er meint å gi betre forståing for marknad og kundebehov, og korleis best samarbeide med eit designbyrå.

På kurset får du jobbe ein del med oppgåver og diskutere i grupper. For best utbytte bør deltakarane jobbe med eiga bedrift (verdiløfte og kundesegmentering ref. forretningsmodellen) mellom samlingane.

Publisert 27.07.2016
DAB-radio

Gudbrand Guthus, direktør for konsesjon og tilsyn i Medietilsynet informerer om overgangen frå FM til digitalradio (DAB).

Det er ikkje lenger langt inn i framtida at Norge tar det store steget inn i den digitale radioverda. I Møre og Romsdal sløkker FM-nettet for NRK den 8. februar 2017 og dei kommersielle radiokanalane den 21. april 2017.


Publisert 01.07.2016
Stordalsholmen

Sommaren er her. På grunn av ferieavvikling har Stordal bibliotek, helsestasjon, Storfjorden PPT og Barnevern redusert opningstid og/eller halder delvis stengt.

Publisert 12.04.2016

Kontoret for psykisk helseteneste er stengt fom 12.04.16 og framover.

Publisert 11.04.2016
Folkemøte 14.01.16 Kommunerefom

Stortinget gjorde 18. juni 2014 vedtak om at det skal gjennomførast ei kommunereform der ein skal ha ein gjennomgang av oppgåvene til kommunane, fylkeskommunane, fylkesmennene og staten. Siktemålet er at ein skal gi meir makt og mynde til færre, større og meir robuste kommunar. 

Publisert 11.04.2016
Folkerøysting 19.mai 2016

Manntal med namn på innbyggjarar som har røysterett ved folkerøystinga den 19.mai 2016 er no lagt ut til offentleg ettersyn.

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Trettøye i Røysetdalen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS